Home   >   Nyhende   >   Framleis fare for flaum- og jordskred på Vestlandet

Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix/NPK.

Framleis fare for flaum- og jordskred på Vestlandet

Mykje regn, spesielt i Hordaland og Sogn og Fjordane, har ført til at farevarselet for flaum- og jordskred framleis er på gult nivå for Vestlandet i helga.

Ifølgje Meteorologisk institutt kan det komme mellom 70 og 100 millimeter nedbør frå natt til laurdag til natt til måndag.

Farevarsel på gult nivå er det lågaste farevarselet – men det skildrar ein utfordrande situasjon som kan føre til skadar lokalt. Spesielt kan utsette bane- og vegstrekningar på kort varsel bli stengde, og det er forventa skredhendingar der enkelte kan bli store.

Etter det vedvarande regnvêret dei siste dagane er grunnvasstanden i bakken svært høg. I tillegg gjer den høge temperaturen at nedbøren i fjellet kjem som regn, noko som fører til snøsmelting og meir tilførsel av vatn enn normalt.

Meteorologane melder også at det er kaldare langs bakken i lågare strøk enn oppe i høgda, noko som ikkje er så vanleg. Det betyr at det er mellom 17 og 18 grader i rundt 200 meters høgde, men berre 10 grader lenger ned. (©NPK)