Heim   >   Fylket   >   Frakta blodprøve med drone

Robin Sørland står klar med den første blodprøva som skal flygast med drone. Turen gjekk frå sjukehuset, over sentrum i Førde og til Sunnfjord hotell. Testflyginga vart utført under konferansen om helseinnovasjon. Foto: Espen B. Nyttingnes

Frakta blodprøve med drone

For første gong er ei blodprøve frakta med drone. Om nokre år kan dette vere kvardagen i norsk helsevesen, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Den første drona med ei blodprøve flaug frå Førde sentralsjukehus til Sunnfjord hotell. Der fekk meir enn 150 deltakarar på helseinnovasjonskonferansen sjå administrerande direktør hente den første dronesende blodprøva på plenen framfor hotellet.

Fleire helseføretak går no saman med Airlift om å finne framtidas droneløysing for helsevesenet. I første omgang er målet å få til dronefrakt av blodprøver frå legekontor til sjukehus.

– Vi har ei ferdig løysing. Helseføretaka ønskjer no å sjå på denne. Det vi ser no er starten. Innan tre år trur eg vi er i lufta, seier Børre Eimhjellen, dagleg leiar i Airlift Solutions, i pressemeldinga.

Fleire millionar blodprøver blir kvart år frakta rundt i landet. Dei går frå fastlegar til små og store sjukehus. Transporten går med alt frå post til fly. I distrikta er avstandane lange. I ettermiddagsrushet i dei store byane kan timar gå vekk i kø. Å frakte blodprøver kostar, tek ofte lang tid og ureinar.

– Vår løysing vil spare tid, auke kvaliteten og vere grønare, seier Eimhjellen.

Airlift vil bruke Bringeland, Førde sentralsjukehus og Sunnfjord som testarena for droneflyging for helsevesenet. Det fortalde administrerande direktør i Airlift, Stian Haarklau, då den første helseinnovasjonskonferansen i Sogn og Fjordane blei skipa til i Førde i går.

– Vår fortrinn er at vi held til i eit område som er godt eigna for testing. Vi har plass, her bur forholdsvis lite folk og vi har eit luftrom med lite trafikk, seier Haarklau.

Airlift meiner potensialet er svært stort.

– Vi trur frakt av blodprøver vil kome først, men det vil ikkje stoppe der. Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna. Men vi må byggje steg for steg, vi må krype før vi kan gå, seier Eimhjellen.