J15 er eitt av dei aldersbestemte laga til Gloppen Handballklubb.

Frå to seniorlag til breiddeklubb med mange aldersbestemte lag





Klubben som frå 1971 var ein rein seniorklubb tek no over yngre spelarar. I løpet av dei siste fire åra har GHK dobla spelarstallen sin og blitt til ein aldersbestemt klubb for heile bygda.





– Somme alderstrinn greidde ikkje å stille lag kvar for seg, så då fann vi det mest fornuftig å samle spelarane til éin klubb. Difor tilbyr vi no eit utvida spelartilbod, seier leiar for Gloppen Handballklubb, Hildegunn Austrheim.





Stort talentmiljø





Austrheim fortel at GHK no består av 133 aktive spelarar, fordelte på 15 påmelde lag. Klubben har tidlegare hatt fleire seniorlag og 16-årslag, og har dei siste fire åra hatt 14-årslag i tillegg. Dei siste sesongane har klubben hatt om lag 70 spelarar, men har no vakse til det dobbelte.





– Frå Breim har vi mellom 15 og 20 spelarar. Det er kjekt med så mange derfrå. I tillegg har vi eit par frå Hyen, resten kjem frå Sørstranda, Nordstranda, og Sandane. No dekkjer vi heile kommunen. Dei yngste spelarane er fødde i 2004, og dei aller fleste er under 18 år. Berre seks stykke er fødde seinare enn 2001, så dette er ei endring i klubben si historie, fortel Austrheim.





Om klubben kjem til å opne for fleire aldersgrupper, vert avgjort på årsmøtet. Det må vurderast i dialog med dei andre klubbane, fortel ho. G18 er eitt av dei nystarta laga. I haust starta dei å representere Gloppen under kampar i Bergen.





– Det har vore eit generasjonsskifte, og klubben er blitt stor, med god oppslutning på treningane. Vi har mange og flinke spelarar, og fleire vert tekne ut til sone- og regionssamlingar. Fire er no tekne ut til regional landslagssamling for Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Hildegunn Austrheim.





– Som ein del av eit lag er ein med i eit veksande talentmiljø, og det vert enklare å kome langt. Mange utviklar seg raskt i 15-16-årsalderen. Då er det viktig å få vere med i ein klubb. At klubben no er større og meir synleg, er eit pluss.





Flinke hjelparar





Når spelartilbodet aukar, aukar òg behovet for både trenarar, oppmenn, og andre postar rundt organisering og gjennomføring.





– Det er ikkje enkelt å finne trenarar, det er nok sårbart for mange lag. Vi er svært heldige som har fått inn litt nytt, og samstundes har nokre som har vore flinke og stabile over mange år, smiler leiaren.





Hildegunn Austrheim fortel at dei med mange lag er avhengige av engasjerte foreldre.





– Klubben har mange flinke og trufaste oppmenn. Foreldre stiller på med billettsal og liveoppdatering, og andre oppgåver som trengst for å få gjennomført kampane.





Inviterer til basar





24. februar held Gloppen Handballklubb basar. Denne dagen vert det kaker og gevinstar i Runnevang.





– Sidan spelarane no representerer alle stader i Gloppen kommune, kjem vi til å leggje opp loddsalsruter over heile området. Det vert mogeleg å kjøpe lodd både på Breim og i Hyen, i tillegg til rundt Gloppefjorden, seier Austrheim. – Basar er den viktigaste inntektskjelda vår. Vi betaler avgift for kvart lag vi melder på, noko som sjølvsagt må finansierast. I tillegg til basarane er sponsorane svært viktige. Hovudsponsorane våre er SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane og Rema 1000. Vi er avhengige av lokal stønad, og alle dei frivillige som stiller opp, forklarer Hildegunn Austrheim.





Andre bidrag til finansieringa er medlemsavgifta, samt dugnad frå spelarane. Dugnadsarbeidet vert fordelt mellom laga, slik at alle må bidra litt. Med fleire lag vert det òg fleire som kan bidra.





Viktig med samarbeid





– Det er svært viktig med godt samarbeid mellom klubbane i kommunen for at ein skal kunne stille lag og vere representert i fylket. I tillegg samarbeider klubbane på fylkesnivå, noko som er veldig fint. Til dømes samarbeider Gloppen godt med Dale på gutesida, fortel GHK-leiaren.





Det gode samarbeidet i Gloppen har ført til at GHK har heile 33 jentespelarar fødde i 2004, og G16 har jamt vore 20 spelarar fram til no.





– Vi set stort fokus på at spelarane skal ha det kjekt på handballbana, og treningane skal handle om utvikling gjennom å ha det kjekt. Kvart lag trenar tre timar i veka, det er gode tilbod i Trivselshallen, seier Austrheim.





Låg snittalder





Ein konsekvens av fleire aldersbestemte lag, er at det vert mange unge spelarar på seniorlaga. Det er bra, for det er vanskeleg å halde på dei eldre spelarane.





– Vi har greidd å halde på dei på herrelaget. Det er nok viktig at det er ein gjeng i same alder, uavhengig av om dei er unge eller eldre. Ein er avhengige av kvarandre som vaksne òg, forklarer Hildegunn Austrheim.





– Lag med berre skuleelevar vert meir sårbare sidan mange flyttar bort. Det vert for dyrt å fly heim att alle spelarane. K3 er eit reint 2001-lag, altså J18 som spelar for K3. Det kan vere hardt å halde seg i 3. divisjon når alle spelarane er unge i forhold til spelarane på dei andre laga dei møter. Det er viktig for oss å halde på dei eldre, sjølv om vi no har opna opp for yngre spelarar, seier GHK-leiaren.