Frå hesjestaur til samanleggbar plastikk

Gran, furu eller einer? Plast eller ekte? Farga juletrelys eller ikkje? Spørsmåla når juletreet skal på plass er mange, og på dei vel 500 åra sidan det første juletreet kom inn i husa til folk har mykje endra seg.

Årets juleutstilling på Nordfjord Folkemuseum, som opnar søndag 10. november, handlar om juletre og tradisjonar knytte til juletreet. Dei første juletrea vart pynta i Tyskland på 1500-talet, og via overklassen i byane, prestar og lærarar på bygdene, vart det etter kvart eit fast innslag i alle norske heimar.

140 år i Nordfjord

«Guten bora hol i ein hesjestaur, og sette inn einekvistar så det vart ein fin juletrefasong. Som juletrefot brukte han ein krakk, som stauren vart bora nedi.» Slik blir Jakob Djupedal sitt minne om juletreet i 1879 gjenfortalt. Dette er den første konkrete skildringa av eit juletre i ein privatheim i Nordfjord.

– Djupedal, som då var 14 år, støypte talglys, og laga papirkorger fylde med kakesmular og kringler. Dei første juletrea bar preg av at ein fann inspirasjon i det ein hadde sett i blad og hjå velståande familiar og brukte det ein hadde kring seg. Det å hauste juletreet når høgtida var over, var ein skikk i seg sjølv, seier Anne Kristin Moe, som står bak utstillinga på Nordfjord Folkemuseum.

Kunstige tre

I mellomkrigstida vart det meir masseproduksjon av julepynt og den vart også rimelegare. Dei elektriske lysa kom på plass og spiret som hadde trona i toppen vart bytt ut med ei lysande stjerne.

– Sjølve juletrepynten går gjennom mange fasar også. Ei tid var naturmateriale populært, ei stund skulle alt vere kjøpt, minimalistisk eller alt skulle vere i éin farge. Ein trend som tydeleg har skote fart siste ti åra er bruken av kunstige juletre, seier Moe.

Ei undersøking gjort for avisa Nationen i 2018 synte at 29 % av dei spurte (1000 personar) hadde kunstig juletre.

Lanserer årets utgåve av Jul i Nordfjord

Samstundes som juleutstillinga blir opna er det også duka for lansering av «Jul i Nordfjord 2019». Nordfjord Folkemuseum tok over det redaksjonelle ansvaret for juleheftet for to år sidan, men held tradisjon tru fram med kulturhistoriske og litterære innblikk frå Nordfjord.

– Smedtradisjonen i Hornindal, Singerheimen, pilegrimsvegen i Selja og sjølvsagt juletretradisjonen er berre noko av det vi kan by på i årets utgåve, fortel Moe.

Jul i Nordfjord kom første gong ut i 1936, og er no inne i sin 72. årgang.