Heim   >   Nyhende   >   Første pelsdyrkompensasjon er utbetalt

Første pelsdyrkompensasjon er utbetalt

I desember utbetalte staten første kompensasjon for avvikling av pelsdyrproduksjon. Utbetalinga på 12,9 millionar kroner gjekk til ein minkbonde i Telemark.

Pelsdyrbøndene kan velje mellom to kompensasjonsordningar – anten erstatning på bokført verdi pluss eit tillegg på 420 kroner per tispe, eller ei erstatning på 2.150 kroner per tispe.

Ifølgje Nationen valde minkbonden i Telemark det siste alternativet. Utbetalinga tilseier at det var snakk om ein større produksjon med 6.000 tisper.

Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag seier til avisa at summen berre dekkjer rundt halvparten av den reelle taksten på garden, og at bonden vil gå med milliontap. (©NPK)