Home   >   Nyhende   >   Forslår lovendring for å førebyggja overvatn

Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Forslår lovendring for å førebyggja overvatn

Eit våtare og villare vêr gjer at byar og tettstader kan få problem med overvatn. Regjeringa foreslår difor at kommunane skal få bestemma kor vatnet skal renna.

– Vi føreslår no endringar i plan- og bygningsloven som gir kommunane betre høve til å førebygge at overvann skadar bygningar og stader der folk ferdast, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Fortetting kombinert med klimaendringar og meir regn, kan også gi problem med skader frå overvatn. Mæland meiner difor kommunane i planlegginga må leggja vekt på å førebyggja slik at det ikkje oppstår problem med overvatn.

Forslaget til lovendringa som no blir sendt over til Stortinget følgjer opp anbefalingane frå overvatnutvalet. Endringane skal gjere det enklare for kommunane å bruke kommuneplanar og reguleringsplanar for å vareta omsynet til vassdisponering.

Kommunane bør planleggja løysingar der naturområde, parkar og dammar tar imot og lagrar regnvatnet. Vegetasjon, kulvertar, grøfter og røyr må bidra til å bremse farta på vatnet og leie det trygt til vassdrag, opplyser departementet.

(©NPK)