Forskingsministeren opnar Sagastad

Fredag 10. mai opnar Sagastad på Nordfjordeid, Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida, med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon. Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø vil stå for den offisielle opninga.

– Vi er glade for at forskingsministeren har takka ja til å opne Sagastad. Det markerer at Sagastad er eit kunnskapssenter om vikingtida av nasjonalt format, utvikla i fagleg samarbeid med Universitet i Bergen og med leiande nasjonale fagmiljø i moderne utstillingsdesign. Det seier styreleiar i Stiftinga Sagastad, Roger Bergset, og styreleiar i Sagastad Drift, Kjell Storeide, i ei pressemelding.

Historieformidling

Sagastad ligg på Nordfjordeid, der det originale Myklebustskipet vart funne i ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver - ein gravhaug som enno ligg synleg i dag. Det er i tillegg fleire andre undersøkte rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida.

Sagastad-senteret fortel med moderne teknologi historia om Myklebustskipet og dei andre gravfunna på Myklebust, folk og kvardagsliv i vikingtida, myter og tradisjonar. Sist, men ikkje minst: Alle som besøker Sagastad vil få høve til å stige ombord i eit ekte vikingskip - det største vi kjenner til frå norsk historie, seier dagleg leiar Solveig Midtbø.

Gamal båtbyggjartradisjon

Både Myklebustskipet og sjølve Sagastad-bygningen er spektakulære og spesielle. Myklebustskipet er bygd av båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda, 15 minutt unna Nordfjordeid. Dei står i ein uavbroten, 1000-årig båtbyggjartradisjon og har lagt ned ca 10.000 arbeidstimar på å gjenskape skipet. Sagastad-bygningen er eit "moderne naust", ei visuell gjenskaping av gravhaugen skipet vart funne i.

Bygget er sirkelrundt og 35 meter i diameter - bygd i glas og svart treverk med høg kvalitet i alle element og låg energibruk. Oppvarming skjer i all hovudsak med sjøvatn frå fjorden og solceller på taket. Myklebustskipet kan sjøsetjast direkte frå Sagastad-bygget, slik at bygget fungerer som eit kombinert kunnskaps-/utstillingssenter og naust.

Inviterer til opning
– Vi håpar mange vil nytte høvet til å besøke Sagastad opningsdagen, seier Roger Bergset og Kjell Storeide.

Dei ti første gjestene får gratis inngang, og det blir overraskingar også til fleire av dei andre som er tidleg ute ved opninga. Alle barnehagane i nye Stad kommune, Eid, Selje og Bryggja, blir inviterte til opninga og får kome gratis. Det blir også musikalske innslag. Kanskje dukkar vaskeekte vikingar også opp.

Om kvelden opningsdagen er det konsert i Sagastad med Einar Selvik frå Wardruna, ein av vår tids fremste tolkarar av tradisjonsmusikk frå vikingtida. Dagen etter er det familiedag med konsertar av MGP Junior-vinnar Oselie og vikingmusikar Kjell Braaten. Det blir òg besøk av Kvinneskipet Embla, som vil ligge i parken utanfor Sagastad, og hestar frå Løken Aktivitetsgard, seier dagleg leiar Solveig Midtbø.