Foto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Forsking om tap av sau på beite endeleg i gang etter lang konflikt

No skal ein få meir svar på kvifor 100.000 sauer døyr på beite kvart år. Det er tre år etter regjeringa bad om forskinga, skriv Nationen.


I 2015 bad regjeringa om forsking på kvifor sau døyr på beite. Det vil dei ha for å ha svar dei kan bruke i erstatningssaker for dyr som blir tatt av rovdyr på beite. Først no er forskingsprosjektet i gang.


Det er datasettet frå Sauekontrollen som har tatt lang tid å få henta inn. Næringa har vore bekymra for at datasettet ikkje ville gi riktig grunnlag for forskinga, og har derfor ikkje ynskt å gi det ut. Dei meiner det ikkje er representativt for heile den norske sauenæringa.


No er datasettet delt med forskingsprosjektet, med føresetnad at det blir tatt høgde for avgrensingane i dataa.


I tillegg blir det brukt fleire andre datasett i forskinga.


Rundt to millionar sauer og lam blir sende på beite kvart år, av dei kjem omtrent 100.000 aldri tilbake. Forskingsprosjektet skal finne svar på kva som er årsaka for dette.


Ein har i dag god oversikt over rovvilt i Noreg, og tap som kjem av dette. Håpet er at forskingsprosjektet skal gi svar på andre årsaker til tap av dyr på beite. (©NPK)