Heim   >   Nyhende   >   Forskarar vil ha prøver av denne arten

Foto: Henrik H. Berntsen/Norsk institutt for naturforskning/NTB scanpix/NPK.

Forskarar vil ha prøver av denne arten

I mange år var ikkje pukkellaksen nokon trussel. No skal fangst av pukkellaks rapporterast inn i same system som all anna fangst av laks og sjøaure.

Registrering av pukkellaks skal gi grunnlag for ei god forvaltning av den framande arten.

Den utskjelte fisken er svartelista av styresmaktene og erklært uønskt i norske elver. Frykta er at den kan trenga bort norsk villaks.

Forskar Henrik H. Berntsen ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), oppmodar også sportsfiskarar om å sende skjelprøver av fisken.

– Gjennom DNA kan vi finne ut kvar fisken faktisk stammar frå, seier han til NRK.

Pukkellaksen har opphavleg ingen naturleg plass i norske vatn og vassdrag. Den har komme hit frå Russland, etter at landet på 50-talet sette ut fisk som dei ville driva kommersielt fiske på. (©NPK)