Laksefiske i Gloppeelva. Illustrasjonsfoto.

Forskarar er bekymra for laksen

Sidan 1980-talet har gjennomsnittstemperaturen i havet utanfor norskekysten auka med éin grad, og det er venta at den kjem til å auke i dei komande tiåra. Det kan gi konsekvensar for laksen.


Laksen kan bli kvelt og døy i merdar langs kysten, seier Elisabeth Ytterborg ved forskingsinstituttet Nofima til NRK.


Når havtemperaturen stig vil det bli mindre oksygen i havet. Ved høgare temperatur vil laksen ha høgare metabolisme og trenge meir oksygen. Dette og fleire faktorar, fører til at fisken blir kvelt og døyr, skriv NRK.


Høgare temperatur førar òg til meir stress for laksen, som gir sjukdom og dårlegare fiskekvalitet


– Vi veit faktisk ganske lite om korleis klimaforandringar påverkar fisken. Vi må begynne å tilpasse oss, men har ikkje kunnskapen som skal til for å tilpasse oss best mogleg. Det er eit enormt behov for kunnskap, seier Elisabeth Ytteborg.


(©NPK)