Illustrasjonsfoto.

Forskar på heimekontor

Aslak Fyhri vil vite om nordmenn set pris på å jobbe heimanfrå eller om dei saknar å ha eit kontor å reise til.


Ei undersøking laga av Transportøkonomisk institutt vil vite korleis nordmenn har det på heimekontor, skriv NRK.


– Vi vil finne ut om jobbreisa påverkar humøret og korleis vi gjer det på jobb, seier forskar Aslak Fyhri til NRK.


Ei nederlandsk undersøking har vist at dei fleste meiner dei er mindre effektive på heimekontor enn på arbeidsstaden og har mindre glede av arbeid på heimekontoret.


Likevel har nesten halvparten av dei som deltok i undersøkinga blitt meir positive til å arbeide heimanfrå.


(©NPK)