Home   >   Nyhende   >   Forskar: Mindre flått i tørken – men meir flått no enn før

Flåtten trivst ikkje i tørken, men vêret gir likevel ingen store utslag på flåttbestanden i Noreg. Faktisk er det meir flått i Noreg no enn for ein generasjon tilbake, ifølgje ein forskar. Foto: Erlend Aas/NTB scanpix/NPK.

Forskar: Mindre flått i tørken – men meir flått no enn før

Tørkesommaren er dårleg nytt for flåtten, som er avhengig av fuktig vêr for å suge blod. Men alt i alt er det meir flått no enn før, ifølgje forskar.

– Flåtten trivst ikkje i tørken, og i dei områda det har vore tørrast denne sommaren er det derfor lite flått, seier førsteamanuensis Audun Slettan ved Universitetet i Agder.

Forskaren understrekar at han snakkar på generell basis, for det er ikkje gjennomført nokon nyare undersøkingar av kor flåtten held til i landet.

– Men du finn ikkje flåtten på ein brunsvidd plen, seier Slettan.

Flåtten treng nemleg fuktige forhold for å kunne klatre opp på grasstråa, der han ventar på at eit bytte skal gå forbi som dei kan suge blod frå.

Gjennom livssyklusen må flåtten suge blod tre gonger for å utvikle seg; som nyklekt larve, halvvaksen og vaksen flått.

Hardfør

Men tørken i sommar gir i det store biletet likevel ikkje nemneverdige utslag på flåttbestanden i Noreg.

Flåtten er nemleg eit svært hardført dyr.

– Dei kan fint leve i både eitt og to år utan å suge blod, seier forskaren.

Eitt flåttpar får om lag 2.000 egg. Mange av desse egga klarer seg ikkje, men det er nettopp derfor flåtten legg så mange egg.

– Sjølv om mange bukkar under, held det jo at to flått overlever for at bestanden skal haldast ved like, seier Slettan.

Meir flått

Faktisk er det alt i alt meir flått no enn for ein generasjon tilbake, ifølgje Slettan. Det kjem av at skogen veks til fleire stader.

– Før var det husdyr i skogen som grasa, og det var derfor fleire opne område der sola kom til og det vart tørt. No opplever ein at det gror til fleire stader, og gras som før var beite, veks fritt, seier han. (©NPK)