Home   >   Fylket   >   Fornyar samarbeidsavtalen

Finn Årdal (t.v.), styreleiar i Sogn og Fjordane Skikrins, og Tore Dvergsdal, regiondirektør i Sparebanken Vest.

Fornyar samarbeidsavtalen

Sparebanken Vest forlengar samarbeidsavtalen med Sogn og Fjordane Skikrins Alpint.

Måndag 14. mai signerte Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins Alpint ein ny tre-årig samarbeidsavtale på skikrinsen sitt Vårmøte på Skei.

Samarbeidsavtalen med Sparebanken Vest er med å skape ei større grad av forutsigbare og gode rammer for alpinsporten i fylket. Avtalen er avgjerande for at skikrinsen kan legge til rette for ein omfattande samlingsaktivitet, og bidreg til å skape meir og betre lokal alpinbasert aktivitet, skriv skikrinsen i ei pressemelding.

Med fleire lokale samlingar reduserer ein kostnadane for utøvarane, ein får sterkare lokal tilknyting og eit betre tilbod i høve breidde og satsing. Sogn og Fjordane Skikrins ser på dette som avgjerande for utviklinga innanfor alpint i fylket.

Sparebanken Vest har vore hovudsponsor til Sogn og Fjordane Skikrins Alpint sidan 2015. Den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane ut 2021.