Home   >   Nyhende   >   Forhandlingsleiar: Jordbruksforhandlingane verkar meir fastlåste

Illustrasjonsfoto: Kjell Herskedal/NTB scanpix/NPK.

Forhandlingsleiar: Jordbruksforhandlingane verkar meir fastlåste

Etter seks dagar med jordbruksforhandlingar seier statens forhandlingsleiar Leif Forsell at situasjonen er meir fastlåst enn før. 

Bondeorganisasjonane og staten har møttest fleire gonger denne helga, men trua på ei snarleg løysing er lita.

Til Nationen seier Forsell at staten har komme jordbruket i møte «i den viktige diskusjonen som gjeld moglege nye tiltak i og for svinehaldet», og når det «gjeld mange viktige fordelingsspørsmål». Men Forsell er ikkje fornøgd med svaret frå jordbruket.

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes beskriv situasjonen som «svært krevjande».

– Store saker som struktur og mangfald, marknadsbalansering og ramme og finansiering, er hovudelementa i den vanskelege situasjonen, seier Bartnes til avisa.

Begge partane etterlyser forhandlingsvilje.

Kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag summerer seg til 1,83 milliardar kroner, mens tilbodet frå staten har ei ramme på 1 milliard kroner.

Forhandlingane vart innleidde tysdag, og fristen for semje er midnatt onsdag 16. mai. (©NPK)