Home   >   Nyhende   >   Føreslår å selje laksekonsesjonar på auksjon

Fiskeriminister Per Sandberg (i midten) meiner nye oppdrettskonsesjonar gjennom auksjon vil gje gode inntekter for oppdrettskommunar og fylkeskommunar. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Føreslår å selje laksekonsesjonar på auksjon

Regjeringa opnar no for å tildele nye laksekonsesjonar ved at oppdrettarane får høve til å by på nye konsesjonar gjennom auksjon.

Forslaget blir i desse dagar sendt ut på høyring med høyringsfrist 17. april 2018.

– Auksjonsforma legg til rette for at alle som er interesserte kan vere med, også små og mellomstore selskap. Ein kan by på det talet tonn ein ønskjer. Det betyr at oppdrettarane kan by på ei mengd som er mindre enn eit heilt løyve. Det kan vere gunstig, kanskje særleg for mindre aktørar, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i ei pressemelding.

Forslaget kjem etter vedtaket om å dele kysten inn i 13 fargelagde soner. Fargen avgjer om det er lov å utvide. I område som har fått grønt lys, kan næringa vekse inntil seks prosent.

Fiskeriministeren meiner auksjonsordninga vil gje kommunane og fylkeskommunane gode inntekter. Det blir peikt på at pengane som oppdrettarane betalar for å vekse går inn i Havbruksfondet, og at 80 prosent blir fordelt på oppdrettskommunane og fylkeskommunane.

Så langt i år har Havbruksfondet fått inn 750 millionar kroner. (©NPK)