Heim   >   Nyhende   >   Foreldre nøgde med heimeundervisninga

Foto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Foreldre nøgde med heimeundervisninga

Fleire enn to av tre foreldre i Noreg tykkjer barna har ein akseptabel skulekvardag for tida. Det viser ei ny undersøking.

På grunn av koronarestriksjonar er skulane i landet stengde, og elevane får undervisning over internett.

Eit klart fleirtal av foreldre i Noreg – 68 prosent – svarar ja på spørsmålet om dei opplever læringssituasjonen for barna som akseptabel. Resten av dei 32 prosent svarar at dei ikkje er nøgde, viser ei undersøking gjort av Opinion.

– Koronakrisa har sett lærarstanden på den vanskelegaste prøven sin i nyare tid. Når to av tre foreldre svarar at barna får ei god undervisning i ei ekstraordinær tid, så viser det at vi har løysingsorienterte og gode lærarar som vi kan vere stolte av, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) om resultatet i undersøkinga.

Foreldre i Oslo er litt mindre nøgde med undervisninga enn landsgjennomsnittet. 61 prosent av foreldra i Oslo svarar at skulekvardagen er akseptabel.

(©NPK)