Foto: Veidekke.

Foreldre har tru på at praktiske fag skaper trivsel

Heile åtte av ti foreldre svarer at dei trur praktiske fag på ungdomsskulen vil gjere at elevane trivst betre på skulen, viser ei ny undersøking Opinion har gjort for Veidekke.


I tillegg svarer sju av ti foreldre at innføringa av praktiske fag i ungdomsskulen vil gjere at ungdommane er betre rusta for å velje mellom yrkesfag og studiespesialisering, skriv Veidekke i ei pressemelding.


– At regjeringa i 2019 innførte obligatorisk valfagsordning med praktiske fag i ungdomsskulen er veldig bra, for ikkje alle er skapt for eit teoretisk arbeidsliv innandørs. Vi trur det er riktig å starte med tilrettelegging av praktiske fag lenge før ungdommen skal ta valet om vidaregåande utdanning, seier konserndirektør Hans Olav Sørlie i Veidekke Bygg.


Prognosar frå Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg viser at Noreg treng 8.500 nye fagarbeidarar innan bygg og anlegg kvart einaste år fram mot 2030. (©NPK)