Mykje tungtrafikk og at sikringsgjerdet rundt anleggsområdet står ope, gjer foreldra ved Skei skule uroa for tryggleiken til borna.

Foreldra er uroa for tryggleiken

I samband med bygging av storhallen på Skei, er det til tider stor trafikk av tunge bilar gjennom området til Skei skule. Dette uroar foreldra til borna ved skulen, og no krev dei tiltak.


Leiar for foreldra sitt arbeidsutval (FAU), har sendt brev til kommunen der dei peikar på to ting; tryggleiken til ungane i anleggsperioden og skulen sitt uteområde etter at anleggsperioden er over.

Tungtrafikk
Sidan grunnarbeidet til hallen starta i vår, har det vore ein god del trafikk av maskiner og bilar ut og inn av den tidlegare kunstgrasbana der hallen skal stå.

– Det omfattande anleggsarbeidet på Skei skule gjer at vi foreldre er svært bekymra for skuleelevane si sikkerheit. Det er mykje trafikk med tunge lastebilar i skuletida, og sikringsgjerdet ved opninga til anleggsområdet står ope med elevar springande rundt. Anlegget må sikrast betre. Dei tunge bilane må halde ein så låg fart som mogleg ved køyring inne på skulen sitt område. I tidene der elevar skal til og frå buss, skal det ikkje vere bilar som køyrer opp og ned, og friminutta må og skjermast, skriv FAU i brevet til kommunen.



Hallen skal som kjent stå på den tidlegare kunstgrasbana, men garderobe/klubbhus kjem inn på det som tidlegare høyrde til skulen sitt uteområde. Dette likar ikkje foreldra som meiner kommunen må ta grep for å sikre elevane eit godt uteområde for framtida.

– FAU ved Skei skule vil med dette krevje ei plan for korleis skuleområdet skal sjå ut etter at bygging av idrettshallen er ferdig. Vi ser med bekymring på at hallen et seg inn på elevane sitt uteområde, og det må no løyvast pengar til ein konsulent som kan utforme eit godt uteområde for alle elevane på skulen, både born og ungdommar, skriv dei.

Forstår problemet
Bjørn Anders Steinsund, som har hatt arbeidet med å leie og organisere grunnarbeidet, forstår uroa til foreldra og har bede entreprenørane vise omsyn til skuleelevane når dei køyrer ut og inn av området. Han har også gitt beskjed om at trafikk rundt skulestart og skuleslutt ikkje skal førekome, men at det elles vil bli ein god del anleggstrafikk i tida framover.

– Det har vore spesielt høg aktivitet dei siste vekene med både transport av stein og betong. På dei dagane vi har aktivitet med betongarbeid, har vi 12-15 bilar som må kome jamleg for at betongarbeidet skal verte rett. Dette førekjem ca. ein gong annakvar veke, og vil halde fram i nokre veker til. Vi er i ferd med å kome i mål med det store fyllingsarbeidet, slik at denne transporten også vil avta. I tida vidare framover vil vi framleis få anleggstrafikk med betongbilar og fyllmassar, men i noko varierande grad.



– Vi er førespegla at hall-leverandør vil kome i veke 45. Dette vil medføre ytterlegare transport av utstyr inn på anleggsområdet. Som de ser vert det mykje aktivitet framover og vi må ta omsyn til tryggleik for skuleborna. Dette må vi ivareta på ein best mogeleg måte, skriv Steinsund i ein e-post til ordføraren.

Det er til tider stor trafikk ut og inn av byggeområdet ved skulen. Denne veka var det støyping av vegg mot fjellskjeringa på oppsida av tomta.
– Vi ser med bekymring på at hallen et seg inn på skulen sitt uteområde, skriv FAU i brevet til kommunen.