Russiske Otava Yo har hatt suksess internasjonat etter at dei vitja Førde i 2015. No kjem dei tilbake. Foto: Førdefestivalen

Førdefestivalen lovar mangfaldig jubileumsfeiring

Førdefestivalen feirar 30 år og inviterer til ein variert musikkfest frå 3. til 7. juli. Det blir både gjensyn og nye artistar, opplyser festivalsjefen.


– Garifunarytmar frå Belize, cajun frå Louisiana, duduktonar frå Armenia, ein dose russisk galskap, fado frå Portugal, balkansk blåsekurs, vaskebrettkurs med cajundronning, skotske reelar og svensk-norsk festmusikk – det er duka for musikalsk mangfald når Førdefestivalen feirar sine første 30, fortel Per Idar Almås i ei pressemelding.


Torsdag presenterte den ferske festivalsjefen sitt første program for Førdefestivalen. Temaet for festivalen er 30 år utan grenser! Almås lovar mange fine gjensyn, men også møte med nye artistar.


I jubileumsåret ser folke- og verdsmusikkfestivalen ut over kommunegrensene og inviterer i til konsertar i fem kommunar.


– Det er utruleg flott å kunne vere til stades i nabokommunane våre, seier Almås.


Mellom anna skal RURA, ei av dei mest etterspurde folkemusikkgruppene i Skottland, spela i Florø. I Gloppen blir det cajun-musikk med Sarah Savoy Trio. Fjaler får besøk av Fotefar & Julie Alapnes, som framfører nordnorske viser. Og i Jølster byr Førdefestivalen på akustiske møte og ein eksklusiv konsert med Hemsing/Larsen To Damer To Herrer. (©NPK)