Heim   >   Nyhende   >   Forbrukarrådet: Sjekk om feriebustaden på Airbnb er lovleg

Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe/NTB scanpix/NPK.

Forbrukarrådet: Sjekk om feriebustaden på Airbnb er lovleg

To av ti nordmenn bruker Airbnb når dei er ute på reise. Forbrukarrådet ber folk sjekke om feriebustaden dei leiger gjennom nettstaden er lovleg.

Utleigetenesta Airbnb har skapt kraftige reaksjonar blant lokalbefolkninga på fleire populære turistdestinasjonar. Dei reagerer på auka bukostnader som følgje av at mange bustader blir leigde ut til turistar, og dette har ført til meir regulering av marknaden, ifølgje Forbrukarrådet.

– I nokre byar er det no forbode med korttidsutleige til turistar. Andre stader er det tillate ei visst tal dagar i året. Ofte blir det også kravd at bustaden er registrert eller godkjent for utleige av lokale styresmakter, seier leiar Ragnar Wiik i Forbruker Europa hos Forbrukarrådet.

Dersom dei lokale styresmaktene finn ut at leilegheita er ulovleg leigd ut og aksjonerer mot bustaden, risikerer ein å bli sett på gata utan stad å bu.

– Det er derfor lurt å spørje utleigar om staden er godkjent for utleige før ein bestiller, seier Wiik.

Wiik understrekar òg at det er lurt å betale med kreditt- og bankkort, slik at ein kan kreve pengane tilbake dersom ein blir lurt eller kasta ut.

To av ti nordmenn har nytta seg av Airbnb til overnatting, og tenesta er særleg populær blant folk under 40 år, viser ei fersk undersøking gjennomført i Norstats respondentpanel. (©NPK)