Etter år 2000 har forbruket av varer som avokado, lime, mango og melon auka veldig. Importen av jordbær og blåbær har òg gått opp. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Forbruk av utanlands frukt og bær har auka




Norsk forbruk av importert frukt og bær Noreg har auka kraftig dei siste tjue åra.


Etter år 2000 har forbruket av varer som avokado, lime, mango og melon auka veldig, skriv Nationen. Dette er produkt som ikkje lèt seg dyrke i Noreg.


Tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, viser at det i 2000 vart importert 1.410 tonn avokado til Noreg, medan det i 2019 vart importert 13.959 tonn.


Import av jordbær, blåbær og bringebær har også auka kraftig. Medan det i 2000 vart importert under 1.500 tonn jordbær, vart det i 2015 importert over 10.000 tonn.


Pia Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i frukt- og grøntleverandøren Bama, seier at import av bær delvis kjem av dårlege sesongar grunna ver- og klimautfordringar, men òg at folk vil ha tilgang på bæra heile året. Ho fortel at leverandøren no jobbar for å auke delen norskprodusert frukt og bær, i åra som kjem.


(©NPK)