Kulturminister Trine Skei Grande markerer førarhunddagen i Frognerparken. Frå venstre: Sverre Fuglerød, Anne-Birthe Dahl, Trine Skei Grande, Jon Ivar Dypedale og Linus (som Grande er tante til). Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Førarhundar blir angripne av lause hundar

Éin av fem førarhundbrukarar har opplevd at hunden deira har vorte angripen, viser ei undersøking. Blindeforbundet ber hundeeigarane om å ha betre kontroll.


140 av 264 førarhundbrukarar har svart på ei undersøking frå Epinion på oppdrag frå Nav. Her opplyser så mange som 19 prosent at dei har opplevd at hundar har gått til angrep på førarhunden deira det siste året, melder NRK.


Sverre Fuglerud i Blindeforbundet seier at éin av fem er veldig høge tal, og at dette er alvorleg. Hadde ein utvida tidsrommet, hadde det nok vore endå fleire, meiner han.


– Halvparten av hundane fungerer ikkje like godt etter ein slik situasjon, og somme må i tillegg trenast opp på nytt, fortel Fuglerud, som er seksjonsleiar for informasjon og samfunnskontakt i organisasjonen.



Lanserte førarhundreglar

– Førarhundar har ein krevjande jobb. Det er viktig at folk forstår kor lite som skal til for å forstyrre dei, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) til NTB.


Ho deltok på markeringa av førarhunddagen i Frognerparken i Oslo onsdag. I samband med dagen hadde Blindeforbundet lansert nye førarhundvitreglar.


Her heiter det mellom anna at verken hundar eller personar bør helse på ein førarhund som er på jobb, og at ein heller ikkje skal gi førarhundar godbitar.


– Førarhundar skal ikkje forstyrrast, det er allmenn folkeopplysning. For dei fleste av oss er desse reglane meir relevante enn fjellvitreglane, seier Grande.



Ikkje la hundane helse

– Den sterke oppmodinga vår til hundeeigarane er at ein må ha kontroll over hunden sin og sjølvsagt hindre at han angrip ein førarhund, seier Fuglerud.


Har ein hund, må ein heller ikkje la han helse på førarhunden.


– Det er òg viktig at ein ikkje lèt hunden helse på ein førarhund som går med sele på. Då er førarhunden i arbeid, og då blir han svært forstyrra av hundar som kjem bort for å helse.


– Samtidig kan det opplevast veldig utrygt og skremmande for føraren, som ikkje kan sjå hunden som kjem, seier Grande. (©NPK)