Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – For tørt til å fyre opp i skog og mark

Brannsjef Runar Kleppe.

– For tørt til å fyre opp i skog og mark

– No er det for tørt til å fyre opp i skog og mark, særleg før det grøne kjem, seier brannsjef i Gloppen kommune, Runar Kleppe. 

Det generelle forbodet mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av utmark trår i kraft i dag, 15. april. Kleppe understrekar at det no er svært risikofylt å gjere opp eld, og ber folk respektere forbodet.

– Det er meldt veldig fint vêr framover, og det tørkar fort opp om våren, så no er det skummelt, understrekar han.