Home   >   Nyhende   >   For mykje sol på norske eple reduserer kvaliteten

Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

For mykje sol på norske eple reduserer kvaliteten

Lagerkvaliteten på dei norske epla sviktar, og mykje eple blir sorterte ut og sende til pressing, opplyser Landbruksdirektoratet.

Epla har i år hatt svært god kvalitet, men den siste veka har det vore store utsorteringar frå lager.

Grunnen til at epla ikkje toler lagring er truleg alt sollyset epla vart utsett for i sommar. Desse epla blir sende til pressing i staden for direkte konsum. Det låg an til å vere norske eple i marknaden fram til utgangen av november, men utsorteringa fører til at sesongen kan bli litt kortare enn tidlegare rekna med. ©NPK)