Det var kjekt å sjå så mange fine føl i ridehallen. Men framleis vert det fødde for få føl her i landet. Neste år kan talet bli kring 150, medan ein ønskjer seg minst 200 føl årleg.

For få føl

Forrige laurdag var det følsjå på Norsk Fjordhestgard i Breim med elleve mønstra føl. Dette er over ei dobling i høve til i fjor, men framleis blir det fødde for få fjordhestføl her i landet.

I år har det vore 234 bedekningar, noko som vil gje kring 150 føl neste år. Ifølgje leiar for Midtre Nordfjord Fjordhestlag, Else Løkke, bør talet føl vere over 200.

At det blir fødde for få fjordhestføl, er ikkje noko nytt. I fleire år har talet føl vore urovekkjande lågt. Skal ein klare å ta vare på denne unike hesterasen med det gode lynnet og dei allsidige brukseigenskapane, må ein halde fram arbeidet som er starta med å auke populariteten.


«
I vårt område representerer fjordingen
ein viktig kulturarv som må takast vare på
»


Talet fjordhestar i Noreg sank naturleg nok i takt med at traktoren gjorde sitt inntog på gardane og tok over arbeidet som den gamle slitaren hadde utført i uminnelege tider. Frå å vere nærast uunnverleg i gardsarbeidet heilt fram til for berre nokre tiår sidan, vart hesten sett på stallen og etter kvart vekke frå dei aller fleste bruka.

Heldigvis er fjordingen godt eigna til køyring og riding, noko som gjer at han har klart omstillinga frå jordbrukshest til fritids- og hobbyhest på ein god måte. Det er laga handlingsplanar for å auke interessa for rasen, det blir arrangert noregsmeisterskapar innan fjordingen sine bruksområde, og han er godt representert i lettare klassar innan ryttarsporten.

Alt dette gjev håp for framtida til det som trygt kan kallast eit av Noreg sine nasjonalsymbol. Men fokuset på avl og nye bruksområde må framleis vere sterkt.

I vårt område representerer fjordingen ein viktig kulturarv som må takast vare på. Ein arv vi ikkje har råd til å miste. Slik sett er det godt å sjå at fleire ungdomar har fatta interesse for å drive med hest. Det styrkjer oss i trua på at den gamle slitaren også i framtida blir å sjå beitande i grønkande bakkar under snøkledde fjell medan vårsola kryp høgare og høgare på himmelen.

Det er eit vakkert syn. Eit syn tallause generasjonar før oss har sett, og som også komande generasjonar bør få oppleve.