For dyrt for Posten å ta med post saman med aviser

Frå 1. juli blir det berre postombering her i landet tre og to dagar i veka. Samtidig skal Posten halde fram med å dele ut aviser fem dagar i veka. Det blir likevel for dyrt å ta med post på dei same rutene, ifølgje samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).


Det kjem fram i eit svar statsråden har sendt til Liv Signe Navarsete (Sp) på eit skriftleg spørsmål ho har stilt i Stortinget rundt omlegginga av postomdelinga.


Navarsete stilte dette spørsmålet til samferdselsministeren: «Kva meiner samferdselsministeren om at Posten frå 1. juli 2020 annakvar dag skal køyra rundt og levere aviser utan å ta med annan post?»


Hareide svarar at dette har med kostnader å gjere.


– Grunnen til at vi ikkje lenger har dagleg postombering, er at dette er ei dyrare løysing enn kjøp av avisomdeling. Det som driv kostnadene i postnettet er talet på stopp i rutene. Avisbordrutene er lengre og har færre stopp enn dei ordinære postrutene, difor kan Posten omdele aviser billegare i avisruter enn i ordinære postbodruter, heiter det i svaret frå Hareide.


I svaret sitt seier Hareide elles at han er svært glad for at ein har greidd å få til ei omdeling av aviser alle dagar i heile landet, sjølv om Posten ikkje lenger har krav på seg til å dele ut post kvar dag.


– Eg trur dette er ei ordning som vil verke positivt for lokalavisene så vel som for dei store avisene, og som sikrar innbyggjarane dagsferske aviser kvar dag, skriv han. (©NPK)