Tord Hafnor går fremst på veg opp frå Søreidsskaret. Dei som gjekk lengst, gjekk 6000 høgdemeter.

Følgde fjella Gloppefjorden rundt

Seks spreke karar la laurdag ut på ein svært så strabasiøs skitur. Dei hadde sett seg som mål å følgje fjella rundt Gloppefjorden. Halvparten av turfølgjet gav seg etter 14 timar.

Dei tre andre fullførte den 83 kilometer lange turen på 21 timar.

Alle som var med på turen har ei eller anna tilknyting til Nordfjord folkehøgskule, anten er eller har dei vore elevar eller lærarar ved skulen. Vegard Fagerli har vore lærar på folkehøgskulen i fem år. Dei siste fem åra har han vore tilsett hos Sogn og Fjordane Energi.



På veg opp mot Eikeneshesten brukte dei hovudlykter.

 

Starta på Hestenesøyra

– Vi starta å gå frå Hestenesøyra klokka 05.00 laurdag morgon. I fleire år har vi snakka om at dette hadde vore artig å gjere. Vi har prøvd ein gong på ski før, men då kom vi ikkje så langt fordi vêret vart dårleg og utstyr vart øydelagt. Erlend Aunevik har prøvd ein gong på jobbesko, men måtte gje seg på grunn av vêr og lite mat. Sist tysdag sende Jesper ut ei melding om det var nokon som var interesserte i å vere med denne laurdagen. Utruleg nok tykte seks personar at det var ein god plan, fortel Fagerli.
Turfølgjet tok seg først opp på Eikeneshesten.

– Både der og andre plassar er det behov for at ein vurderer skredfaren. Fjellet er svært bratt, og snøen er lagdelt og kan vere skummel. Å leggje ruta best mogleg i høve til skredfare var eit tema under heile turen. Ein må vite kva ein held på med når ein skal gå på Eikeneshesten på ski. Nokre dagar er det greitt, andre dagar ikkje, understrekar han.




Det gjev ei god kjensle når ein meistrar ei slik utfordring.

Vegard Fagerli







Frå Reinekallen følgde dei høgda innover til Holsvarden.

– Der ifrå gjekk vi ned på Styggevatna. Etter ei bratt oppstigning kom vi opp på Salen, deretter gjekk vi Breidalen rundt og opp på Storevarden. Frå Storevarden rende vi ned mot Nesstøylen, følgde fjellryggen opp til Ryssdalshorn og ned att på framsida av fjellet. I det brattaste partiet tok vi av oss skia, forklarer han.


Dette kartet viser ruta dei gjekk sist helg.


 

– Vi var motiverte

Vel nede i Ryssdalen tok følgjet ein lenger matpause.

– Her hadde vi lagt igjen noko mat. Tre av turdeltakarane ønskte å gje seg medan leiken var god. Erlend, Jesper og eg heldt fram turen. Vi følgde stien som blir kalla Kviten opp til Leirstøylen og gjekk til Svinestranda. Så gjekk vi over Eggjene, til Haugsvarden, rende ned til Dimma og fram att til ballbingen på Vereide. Her sette vi frå oss skia, tok på oss joggesko og gjekk til ferjekaia på Anda, fortel Vegard Fagerli.


Tord Hafnor (f.h.), Torbjørn Brandsæter og Hans Græsli på toppen av Ryssdalshornet. Klokka er 18.00 og det blir snart mørkt.


Vêret laurdag var ikkje det beste. På Sørstrandsfjella var det snødrev og overskya. Sikten var ikkje særleg god. Temperaturen i fjellet låg på rundt minus sju-åtte grader heile vegen.

– Kva får dykk til å leggje ut på ein så krevjande tur?

– Vi har vel ikkje evne til å sjå konsekvensane. Hadde vi visst kor tungt det kom til å bli, ville vi ikkje gjort det. Vi har mykje erfaring med fjell og lange turar. Likevel er det vanskeleg å berekne kor lang tid det tek og kor mange høgdemeter vi skal gå. Når ein først har starta på ein slik tur, får ein lyst til å halde fram så lenge ting fungerer. Vi var motiverte. Det er også viktig. Det er artig å bruke dei evnene ein har, og det gjev ei god kjensle når ein meistrar ei slik utfordring, seier han.

Opplevde kontrastane

Turen baud også på fine naturopplevingar.

– Når sola skin gjennom skydekket på fine nedkøyringar, eller når ein går saman og snakkar, har vi det veldig fint. Vi fekk mykje tid til å prate på turen. For oss vart dette ein utruleg fin måte å bli kjend med fjella rundt Gloppefjorden på. Vi gjekk ein del stader der vi ikkje pleier å gå når vi går kortare dagsturar, og terrenget vart knytt saman på ein fin måte. Kontrastane mellom Sørstrandsfjella og Nordstrandsfjella er spennande. Fjella på Sørstranda er bratte og meir krevjande. Nordstrandsfjella er rolegare, peikar han på.

 





Gleda ved å køyre på ski er ein stor motivasjon for å gå ein slik tur.


Erlend Aunevik







Turfølgjet gjekk med randonéutstyr. Skoa vart fuktige, og føtene blei ømme. Nokre sleit litt med gnagsår undervegs.

– Kva var det beste med turen?

– Det beste med ein tur er alltid dei menneska ein er saman med. Å oppleve å bli slitne saman er stas. Vi støttar og hjelper kvarandre undervegs. Å gå ein slik tur åleine er ikkje det same. Å oppleve landskapet og at lyset skiftar er også fint. Vi starta med hovudlykter om morgonen, men på Nordstrandsfjella gjekk vi mykje utan hovudlykter fordi månelyset var så sterkt, fortel Fagerli, som med sine 38 år var den eldste i følgjet.

– Lenger enn vi trudde

Han har vore lærar for fleire av dei som var med, mellom andre Jesper Lemming, som i dag er regionleiar i Normisjon.

– Korleis opplevde du turen?

– Vegard, Erlend og eg prøvde på det same for tre år sidan, men då måtte vi gje oss på grunn av vêret. Denne gongen tykte eg at det var svært kjekt at vi var så mange. Det var ein veldig kjekk tur lenge, men etter kvart vart eg sliten og lei av å ete. Ein må heile tida stappe i seg mat for å halde kroppen i gang. Vi gjekk ikkje så fort, men vi gjekk langt. Gløymer ein å få i seg mat og drikke, fell motivasjonen raskt. Eg opplevde eit skifte då vi kom til ryggen av Ryssdalshornet. Då gjekk eg på ein næringssmell. Då hang eg som eit slips bak dei andre og jobba hardt for å henge med, fortel Lemming.


Hans Græsli på toppen av ei bratt renne rett vest for Nesstøylen.


Det gjorde godt å kome til depoet med mat i Ryssdalen.

– Eg var usikker på om eg skulle vere med vidare, men det er utruleg kva som skjer når ein får i seg litt mat. Turen var mykje lenger enn vi trudde. Vi rekna med at han ville ta 16 timar. Det gjev ei veldig fin meistringskjensle å nå eit mål som ein har drøymt om, seier han, og legg til at siste delen av turen gav flotte naturopplevingar med både nordlys, måne og stjerner på nattehimmelen.

Drikke ei utfordring

– Er dette noko av det sprøaste du har vore med på?

– Definitivt. Det er den lengste turen eg har vore med på og det dummaste eg har vore med på nokon gong. Sjølv om det kjennest godt å ha klart det, kjem det til å gå lang tid før eg gjer noko slikt igjen. Vi valde heilt klart ikkje den lettaste ruta. Det mest krevjande partiet oppover var Eikeneshesten, medan den mest krevjande renninga var ned frå Ryssdalshornet. Forholda var heldigvis gode, slår han fast.

Tilgang til vatn var ei utfordring.

– Eg hadde med meg to liter drikke, og det var altfor lite. Vi fekk ikkje tilgang til vatn før vi kom til Kandalen. Difor åt eg snø heile vegen for å kompensere væsketapet, fortel Jesper Lemming.

– Det sosiale

Erlend Aunevik jobbar for tida på folkehøgskulen, og har også vore elev ved skulen.



Klokka 05.00 laurdag morgon la turgjengen av garde. Først natt til søndag kom tre av dei i mål.

– Det var ikkje noko kanonvêr på laurdag, men føret var godt – sjølv om det var litt trått. Dette er eit fantastisk område, og vi var innom dei mest kjende toppane. Sjølv går eg mykje på tur til vanleg, men det er sjeldan at turane bikkar ti timar. Det er ei anna belastning å gå i 21 timar, særleg med tanke på dette med næring og væske, seier han.

Sidan han går mykje på toppturar, tykkjer han det er artig å teste seg sjølv med ei ekstra utfordring.

– Kva var det kjekkaste med turen slik du ser det?

– Det er det sosiale. Det er litt spesielt at seks personar står opp klokka tre om natta for å gå ein slik tur. Det vart mykje fin skikøyring, særleg ned frå Storevarden. Gleda ved å køyre på ski er ein stor motivasjon for å gå ein slik tur, seier Aunevik.

– Flott natur  

Hans Græsli har vore både elev og stipendiat på folkehøgskulen, men jobbar i dag på Firda vidaregåande skule.

– Dette er ein måte å gå tur på som eg ikkje gjer så ofte. Vi gjekk med lett oppakning og hadde kanskje tre pausar på fem minutt, så det var ikkje noko kosetur. Likevel var det artig å vere med, seier 29-åringen.

Han var med på den mest utfordrande delen av turen og tre fjerdedel av høgdemetrane. Frå Hestenesøyra til botnen av Ryssdalshornet brukte dei 14 timar.

– Det står stor respekt av dei som gjekk rundt heile fjorden. Vegard, Erlend og Jesper har snakka om dette i lang tid. Vi andre fekk vite om turen nokre dagar før. Eg trur det først og fremst handlar om å ha vilje og motivasjon til å halde på så lenge. I tillegg måtte eg ta omsyn til ein trøblete rygg, seier Græsli.

Desse var med på turen, frå venstre: Vegard Fagerli (38), Torbjørn Brandsæter (29), Jesper Lemming (27), Hans Græsli (29) og Erlend Aunevik (29). Tord Hafnor (28) er fotograf.


Han tykkjer landskapet på turen var spennande.

– Det å kome øvst i Langedalen og Traudalen og sjå ned i dalane var artig. Samtidig var det utfordrande å skulle beherske fjellet, seier han.

Han legg til at alle i turfølgjet har flytta til Gloppen i vaksen alder nettopp på grunn av naturen.

– Vi har ein unik kombinasjon av flott natur her, med fjord og fjell. Det er på grunn av naturen at vi er blitt glopparar, smiler han.