Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Flyforbod over rasområde i Jølster

Det er innført flyforbod over rasområda i Jølster.

Flyforbod over rasområde i Jølster

Politiet har fått innført flyforbod i luftrommet over Vassenden i Jølster. Årsaka til ferdsleforbodet er å sikre redningsinnsatsen frå lufta.

Det vil bli søk i luftrommet med SAR-helikopter i tillegg til at det vil bli føreteke undersøkingar av geologar med helikopter. Desse er unntekne frå restriksjonane.

Senter for restriksjonsområdet er lagt til Vassenden med UTM 32V 346206 6821108 med en radius på 5 nautiske mil og ei høgd under 3000 fot for å sikre vidare redningsarbeid.

– Flyforbodet har umiddelbar verknad og gjeld til området er erklært sikkert av ansvarlege myndigheiter,  opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt, Gry Benedicte Halseth.