Det var eit yrande liv i skianlegget i Årdalsdalen søndag. Både store og små kosa seg sjølv om kuldegradene beit litt.

Flott anlegg til glede for mange

Søndag var det høgtideleg opning av det nye skileikanlegget i Årdalen, og store og små frå Jølster og omland var på plass for å få med seg opninga og skicrossrennet.



– Eit eksempel på kva som går an å få til med dugnadsånd og pågangsmot, sa ordførar Oddmund Klakegg som opna anlegget og tok det første hoppet i den vesle hoppbakken som er ein del av skileikanlegget. Ordføraren sa etter hoppet at han angra på skivalet.


Ordføraren la vekt på kor viktig det er med dugnadsånd i små bygdesamfunn, då han stod føre den offisielle opninga av anlegget.


Fleire kanoner

Oddmund Klakegg uttrykte før hoppet at han aldri før hadde vore med på eit hopprenn. Men han stilte likevel opp, med tilløp frå øvste avsats, og fekk eit ståande hopp. Så veldig mykje meir er det ikkje å seie om det. Han trefte ikkje heilt på hoppkanten og svevet vart både uryddig og kort. For å seie det rett ut, så hadde han problem med å kome over kulen, men ordføraren får plusspoeng for nedslag og utkøyring.

Då var det litt betre takter over den gamle storhopparen og veteranverdsmeisteren frå Førde, men med slektsrøter frå Årdalen, Nils Olav Kongsvik. Kongsvik kom over kulen i stor høgde, men med litt mykje krok i knea, og landa på åtte og ein halv meter, med litt jamsides nedslag. Dagens beste av dei tre hopparane som fekk prøve seg, var Jølster si store hoppstjerne, Johannes Årdal. Han kom over kulen med perfekt V-stil og landa litt bak lengda til Kongsvik. Med betre stilpoeng vart han dagens vinnar, medan lengda til Kongsvik vart notert som bakkerekord i bakken med storleik rundt ti meter og med K-punkt på åtte.


Johannes Årdal var den som kom absolutt best frå hoppinga. Her med V-stil og alt i orden under opninga av den vesle hoppbakken.


 

Flott anlegg

Det var ganske sikkert mellom 200 og 300 til stades for å få med seg karusellrenn for dei yngste og skisprint med skicross for dei litt eldre. 100 av dei hadde startnummer på brystet i den fine, men litt kalde vintersøndagen. Det som gjekk att av kommentarar frå dei vi snakka med, var superlativ som flott, imponerande og godt tiltak, og folk i alle aldrar og med varierande ambisjonar når det gjeld treningsnivå, kan ha glede av anlegget.

Tilrettelegging for fysisk aktivitet og behovet for å få folk ut av godstolen, vart også lagt vekk på av representantane frå dei to bankane som har vore involverte i prosjektet med gåvemidlar, nemleg Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

I tillegg til skileikanlegget, finst det også lysløype og ei rundløype på over ti km.

Har levd i løypene

Ein av mange gamle skistjerner som var å sjå søndag, var Rune Årdal. Han er næraste nabo til skiløypene i Årdalsdalen, og har hatt langrennsski på beina største delen av livet. Sekstiseksåringen var aktiv på slutten av sekstitalet, men hadde ein pause før han gjorde comeback i 1977 og har vore aktiv meir eller mindre sidan.


Rune Årdal er næraste nabo til anlegget og har lang fartstid som aktiv langrennsløpar. I 44 år har han drive med løypepreparering i Årdalsdalen.


  – I 1976 var det berre éin skikkeleg aktiv langrennsløpar i Jølster, nemleg D-klassingen Knut O. Øygard. Eg bestemte meg då for å starte opp att, og eg hadde eit mål om å bli mellom dei beste i fylket. Det klarte eg, fortalde Rune som sjølvsagt hadde skia på også søndag.

Han kunne òg fortelje at han har 44 års fartstid bak seg som løypekøyrar i Årdalsdalen.


Det var løparar i sving frå både Jølster, Førde, Gloppen og Gaular. Her er det Mathias Aa Sandal frå Breimsbygda som går i mål etter prologen på Jølstrasprinten.