Heim   >   Nyhende   >   Flest bekymra for skulevegen på Vestlandet og i Nord-Noreg

Foto: Jan Haas/NTB scanpix/NPK.

Flest bekymra for skulevegen på Vestlandet og i Nord-Noreg

I desse dagar tar 60.000 førsteklassingar sine første skritt på skulevegen. Folk på Vestlandet og i Nord-Noreg er mest bekymra for tryggleiken.

På landsbasis meiner 27 prosent at skulevegane er utrygge, viser NAFs trafikantbarometer.

I vestlandsfylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane svarer 37 prosent det same. I dei tre nordlege fylka Finnmark, Troms og Nordland svarer 35 prosent at dei opplever skulevegane som utrygge.

– Vi ser at folk i dei mest glisne strøka i undersøkinga er minst fornøgde med tryggleiken på skulevegane, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

Fleire gang- og sykkelvegar, betre vintervedlikehald og meir fortau og gatelys blir trekte fram som viktige tiltak for å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande.

Fylka Trøndelag og Rogaland kjem best ut i undersøkinga. Her meiner i underkant av 20 prosent at skulevegane er utrygge. (©NPK)