Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Fleire syklar om vinteren





Dårleg vinterføre skremmer ikkje folk som vil sykle til jobb om vinteren. Fleire stader aukar talet på vintersyklistar.





– Trass krevjande føre og mykje snø ser vi at vintersyklistane er komne for å bli – og dei blir fleire, seier sjefingeniør Tanja Loftsgarden i Statens vegvesen.





Ifylgje vegvesenet har talet på heilårssyklistar auka i fleire større og mindre byar her i landet. Fleire og betre sykkelvegar, betre brøyting og strøing er nokre av årsakene til dette, blir det hevda.





– Vi ser at drifta på sykkelvegane er blitt betre etter at vi innførte nye standardar for vinterdrift, seier Loftsgarden.





Ifylgje standarden skal det ikkje vere laussnø og is på riksvegar for sykling og gåing med mykje sykkeltrafikk.





Langt igjen





Ho peikar likevel på at det er langt igjen før ein når måla styresmaktene har sett for sykling.





I Nasjonal transportplan har Stortinget vedteke eit mål om at 8 prosent av alle reiser på landsbasis og 20 prosent av alle reiser i byane skal gå føre seg på sykkel innan 2023.





Bymåla mest krevjande





Også sykkelkoordinator Marit Espeland i Statens vegvesen meiner det skal mykje til for å nå desse måla.





– Vi ser at det blir veldig krevjande å nå måla slik dei er formulerte i dag, seier ho til Vegnett.no





Ho peikar på at det varierer kor mykje folk syklar rundt om i landet, men at det verkar lettare å oppnå målet om at 8 prosent av alle reisene på landsbasis skal gå føre seg på sykkel, enn at 20 prosent av alle reisene i byane skal gjere det same.





I dag er sykkelprosenten for byområda sett under eitt og i landet elles på 5 prosent. (©NPK)