Home   >   Nyhende   >   Fleire skilsmisser og færre som gifter seg

Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Fleire skilsmisser og færre som gifter seg

Ikkje sidan 2006 har så få gifta seg som i 2017, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Samtidig aukar talet på skilsmisser.

22.111 par gifta seg i fjor, 426 færre enn i året før. Samtidig vart det gjennomført 9.848 skilsmisser, 503 fleire enn i 2016. Talet på par som tok ut separasjon, gjekk likevel ned frå 10.842 til 10.594, viser SSB-statistikken.

Ifølgje SSB har det ikkje vore så få ekteskapsinngåingar sidan 2006. Talet på inngåtte ekteskap har gått gradvis ned sidan 2008, med unntak av 2012. Likevel var tala endå lågare i perioden 1983 til 1995.

Alle fylka, bortsett frå Østfold, Akershus, Hedmark, Oppland og Troms, hadde ein svak nedgang i talet på inngåtte ekteskap i 2017.

Samtidig viser statistikken at det var ein solid auke i talet på likekjønna ekteskap. Frå 2016 til 2017 auka talet på ekteskap mellom par med same kjønn med 55 til 333. Av desse var 119 mellom menn og 214 mellom kvinner. 37 prosent av dei gifta seg i Oslo. (©NPK)