Kinn kommune. Foto: Skjermbilde frå kommunen sine nettsider.

Fleire reagerer på lang møtedag

For nokre politikarar tok kommunestyremøtet i storkommunen Kinn onsdag 18 timar. Ein av kommunestyrerepresentantane meiner dei lange dagane kan bli eit demokratisk problem.


Sjølve møtet skulle vare i 6,5 timar, men enda med å vare i over 12, skriv Fjordenes Tidende.


Den nye storkommunen Kinn består av Flora og Vågsøy. Kommunen er spesiell på den måten at Bremanger kommune ligg midt i mellom Vågsøy og Flora. Det gjer reiseavstandane store.


Møtet onsdag var lagt til Flora. Politikarane Sunniva Oldeide og Daniel Henriksson, som er busette i Vågsøy, brukte 18 timar frå dei forlét heimen og drog på kommunestyremøte til dei var heime att.


Oldeide meiner det er eit demokratisk problem.


– Eg trur vi skremmer vekk barnefamiliar, åleineforsørgjarar og andre frå politikken, seier Oldeide til NRK.


Kommunestyrerepresentant Jakob Nødseth meiner fleire og kortare møte er løysinga.


– Dette syner utfordringa med å drive politikk på kysten av Sogn og Fjordane, vi kan ikkje berre setje oss på trikken og reise heim, seier Nødseth til statskanalen. (©NPK)