Sigri Sandberg opplever stor interesse i utlandet for boka si "Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse». Foto: Birger Amundsen/Samlaget.

Fleire land vil ha norsk bok om mørket

Forfattaren Sigri Sandberg skreiv bok om mørket og den norske vinteren for å finne meir ut av eiga mørkeredsle. No er boka i ferd med å bli ein utanlandssuksess.


Boka som har tittelen «Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse», er alt seld til Tyskland, Nederland, Polen og Italia, og fleire land står for tur, fortel Samlaget.


I boka nærmar Sandberg seg mørke og vinter på ulike måtar. Ifylgje forlaget peikar ho mellom anna på at stadig færre av oss bur slik til at vi kan sjå Mjølkevegen og at vi blir meir og meir vande med å omgje oss med kunstige lyskjelder både ute og inne.


Forfattaren tek også opp ei rekkje andre tema.


– Ho fortel om søvn, stjerne, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? skriv forlaget. (©NPK)