I juni i 2017 brann det i ein låve i Eidsberg i Akershus. Foto: Freddie Larsen/NTB scanpix/NPK.

Fleire brannar i hus enn i fjøs i landbruket

Talet på brannar i driftsbygningar i landbruket held seg stabilt, men talet på bustadbrannar aukar. Det uroar Landbrukets brannvernskomité.


I fjor var det 198 brannar i bustadhus på gardar i Noreg, mot 160 året får. No vil brannvernskomiteen undersøkje kva som er årsaka til dei mange bustadbrannane.


– Vi sender no ut ei ny branntilløpsundersøking der vi oppfordrar bøndene til å sende inn eigne opplevingar med branntilløp. Presis informasjon om årsaker gir oss moglegheit for å setje inn effektive tiltak og snu den negative trenden på bustadbrannar, slik det blei gjort for driftsbygningar, seier styreleiar Pål-Arne Oulie i Landbrukets brannvernkomité i ei pressemelding.


Mange fjøsbrannar fram mot og særleg i 2014, gjorde at landbruket tok tak. Etter at el-kontroll for landbruksbygg blei utvikla og tatt i bruk, har det blitt langt færre brannar i husdyrbygg.


– Norske bønder har sjølve bidratt til å snu den svært negative trenden og no skal same oppskrift brukast for å ta grep om bustadbrannar, som framleis aukar, seier Oulie.


Det blei registrert 134 brannar i driftsbygningar med forsikringsutbetaling over 100.000 kroner i 2018. Dette er på same nivå som året før, som var det beste resultatet på ti år. I ni av brannane var det husdyr som døydde. (©NPK)