Flaumsikringa av Holvikelva nærmar seg slutten

Flaumsikring av Holvikelva i Sandane sentrum har pågått i lenger tid. No nærmar det seg ferdigstilling. – Arbeidet har gått som venta, seier Anders Muldsvor i NVE.


Mykje arbeid er blitt gjort for å flaumsikre Holvikelva. Arbeidet har føregått frå Trivselshagen og nesten heilt i sjøen på Grandane.

I rute

Anders Muldsvor frå NVE kan fortelje om status så langt.

– No byrjar vi å nærme oss slutten. Øvste del frå gymnaset og ned til Heimevernsbrua er så å seie heilt ferdigstilt. Det står igjen litt mindre arbeid frå Heimevernsbrua og til fylkesvegbrua. Der må vi støype nokre betongmurar, asfaltere og få opp nokre gjerde, seier han.

Arbeidet ved elva har stort sett gått bra. Overleveringa til kommunen skjer 26.august.

– Vi er i rute, og det meste vil vere gjort når vi startar på ferien om to veker. Det er mogleg det vil stå igjen litt restarbeid heilt i enden av elva, ved Coop Extra, seier Muldsvor.

Utfordrande flaumar i haust

– Flaumsikringsarbeidet har gått som venta. Vi hadde vel mykje vatn i haust, og nesten samanhengane flaum frå august og ut oktober. Det bremsa oss litt og gav oss ei lita utfordring. Vi fekk vårflaum i februar, noko som òg gav oss ei lita utfordring, men vi har med gode entreprenørar, så det løyste seg greitt, fortel Muldsvor.

Budsjettet for prosjektet var på 15 millionar kroner, mens totalsummen vert kring 17 millionar.

– Her har vore ein del tilleggsarbeid som ikkje låg inne i planane. Det gjev ein kostnadsauke, men ikkje noko dramatisk med tanke på alt arbeidet som er utført. Det er ikkje urovekkjande, seier Muldsvor.

Godt samarbeid

Prosjektleiaren ønskjer å trekkje fram det gode samarbeidet NVE har hatt med kommunen.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med kommunen og Arne Mykland som har vore primus motor. Kommunen har hengt seg på ein del arbeid, så det har vore ein vinn-vinn situasjon for oss begge.

Anders Muldsvor legg til at dei har hatt dyktige entreprenørar med på laget som har hjelpt til med betong- og grunnarbeid.