På open gard er det kjekt å møte ulike dyr. Her ser vi Kristina Vik Myklebust og Leonora Årnes Nyland helse på geitene.

Fjordhestgarden opnar dørene

Til helga er det nok ein gong klart for «Open gard» på Fjordhestgarden i Breim. Det vert mellom anna dyr å sjå og klappe, og varmmat å få kjøpt. Det vert òg høve til å prøve brannslokking og lære om brannvern.

«Open gard»-tilstellingane har vore godt besøkte tidlegare år, og arrangørane har lagt opp eit variert og allsidig program til helga.

Flotte dyr

Det er Breim Bondelag, Breim Sau og Geit, Breim Bygdekvinnelag, Norsk Fjordhestgard, TINE Produsentlag Gloppen, Nortura og Gloppen Brannvernforening som står saman om arrangementet.

Det vert som andre år mange ulike sortar dyr å sjå, og barn og vaksne kan helse på både kyr og kalvar, sauer, kje og geiter. Gloppen Hundeklubb skal ha stand, og tek truleg med seg nokre firbeinte. Det vert som tidlegare år òg høve til å få seg ein køyretur med hest.

TV-opptak og traktorar

NRK vil vere på plass for å gjere opptak til den populære Barne tv-serien «Klart eg kan».

For dei av publikum som har passert barnestadiet, vert det ei stor og variert utstilling av traktorar, maskiner og mykje forskjellig landbruksutstyr. Det vert òg ei flott utstilling av veterantraktorar.

Sidan det er brannvernveke, vil Gloppen Brannvernforening demonstrere redning ved bilulukke. Der får ein sjå korleis ein kan klippe opp ein bil for å få ut skadde. Ein kan òg prøve seg på brannslokking. Det vert mat å få kjøpt, laga til og servert av Breim Bygdekvinnelag. Det vert òg smaksprøver frå matprodusentar. «Pederhuset» held ope, og 4H-klubben lagar i stand kjekke aktivitetar for borna.