Home   >   Nyhende   >   Fjellreven kan bli turistattraksjon på Svalbard

Det vert jobba med å få fjellrev til å bli attraksjon for turistar som dreg til Svalbard. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Fjellreven kan bli turistattraksjon på Svalbard

Ein prosess er i gang for å sjå på om fjellreven, også kalla polarrev, kan bli ny ikonart for Longyearbyen på Svalbard, skriv Svalbardposten.

– Fjellreven er ein trua dyreart i heile Vest-Europa men høvesvis vanleg hos oss. Den er relativt lett å få auge på, og ikkje spesielt sky, seier Bjørn Frantzen i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) til avisa.

Isbjørn er, og har alltid vore, ein ikonart for Svalbard. Mange vel å reise til Svalbard fordi det er ei viss moglegheit for at dei kan få sjå dette dyret. Men det finst ingen garanti.

– Bakdelen med å ha isbjørn som lokkemiddel, er at dersom det går lang tid før ein ser bjørnen, kan det vere vanskeleg å få fokus på det som ein trass alt skal bruke 99 prosent av tida på medan ein er på Svalbard, seier Franzen.

Bjørn Franzen er opptatt av å få etablert eit fjellrevråd, som kan fungere som rådgjevar i alle spørsmål som gjeld arten.

– Dette handlar om å skape bynære opplevingar for gjestene som kjem hit. Ein kan gi ein god del menneske svært eksklusive opplevingar og ein realistisk sjanse til å få sjå desse dyra. Og ein får sett dette på ein vettug måte. Men det må planleggjast og gjennomførast i ordna former, seier Franzen. (©NPK)