Dei trivst i jobben og er sjeldan sjuke, er nokre av funna i ein ny rapport om helsa og arbeidsmiljøet til norske fiskarar. Foto: Cornelius Poppe/NTB scanpix/NPK.

Fiskarar trivst i jobben og er sjeldan sjuke

Fiskarane er mindre sjuke enn folk flest. Derimot har mange av dei muskel- og skjelettplager på grunn av tunge tak i jobben, viser ein ny rapport.


– Fiskarane er ikkje borte frå jobb på grunn av ei forkjøling eller hovudpine. Nesten alt fråværet til fiskarane er yrkesrelatert og då dreier det seg ofte om muskel- og skjelettplager, seier, forskar Trine Thorvaldsen i Sintef Ocean AS til Forskning.no.


9.000 personar er i dag registrert som heiltidsfiskarar i Noreg. I tillegg er 1.800 personar registrerte som deltidsfiskarar. Ikkje sidan 1980-talet har det blitt forska på samanhengen mellom helsa til fiskarane og arbeidsmiljøet deira


Difor har Sintef henta inn kunnskap om helsa og sjukefråværet til fiskarane. Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Noregs forskingsråd og i samarbeid med Universitetssjukehuset i Nord-Norge.


Trass i at fiskarane har eit yrke med høg risiko og tunge tak, er dei mindre sjuke enn resten av befolkninga.


– I tillegg svarer heile 99 prosent av fiskarane at dei ofte eller alltid trivst på jobben, seier Thorvaldsen.


Sjukefråværet til fiskarane kjem i hovudsak av tunge løft og hardt arbeid. Det betyr at løysinga for å få ned sjukefråværet ligg på arbeidsplassen – om bord i båten. Rapporten gir difor fleire anbefalingar for førebyggjande arbeid. Eitt av forslaga er å satse på teknologi som gir færre tunge løft. (©NPK)