Fire av fem er positive til satsingsplanar

Er du positiv eller negativ til Coop Nordvest og Firda Billag sine planar om å satse i Sandane sentrum?


Dette spørsmålet har vi stilt på firdatidend.no den siste tida.

83 prosent har svara at dei er positive, 13 prosent har svara at dei er negative, medan 4 prosent har svara at dei ikkje veit.

No har vi lagt ut eit nytt spørsmål i den uhøgtidlege spørjeundersøkinga.

Denne gongen spør vi om du er samd i måten styremaktene opnar landet på etter nedstenginga som følgje av koronaviruset.