Redaktør Bjørn Grov er godt nøgd med den nye nettavisa, men understrekar at papirutgåva framleis blir hovudsatsingsområdet.

Firda Tidend med ny nettside

Den gamle nettsida til Firda Tidend var for lengst gått ut på dato. Måndag ettermiddag kunne dei som klikka seg inn her på www.firdatidend.no sjå at layouten var endra.

– Vi kjem til å satse meir på nettsida no enn tidlegare og oppgradere henne oftare enn før. Likevel kan vi ikkje sjå vekk frå det faktum at det framleis er papirutgåva som syter for det aller meste av inntektene våre. Dei som ønskjer å lese dei unike lokale sakene, må lese papiravisa. Desse sakene kjem vi berre til å gje korte smakebitar frå på nettet. Noko som er heilt nytt, er at vi på nettsida kjem til å presentere glimt frå saker ute i den store verda, seier Bjørn Grov.

Mange aviser vel no å lage betalingsmurar på noko av innhaldet på nettsidene sine. Ein må anten vere abonnent eller betale for å lese desse sakene. Firda og Firdaposten har nyleg gått inn på ei slik ordning, medan Fjordabladet på Nordfjordeid har gått endå lenger og krev betaling for alt innhald dei publiserer på verdsveven.

– Også vi har høve til å krevje betaling, men det har vi ingen planar om. I alle fall ikkje med det første, seier Grov og håpar mange vil følgje Firda Tidend både på nett og papir i tida framover.