Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Filmtala er klare

Foto frå filmen: Poul Iversen/Handmade Films in Norwegian Woods.

Filmtala er klare

Etter at filmen «Astrup – Flammen over Jølster» hadde premiere 4. oktober, har nesten 24.000 publikummarar fått med seg filmen om Jøster-kunstnaren Nikolai Astrup.

Ifølgje NRK landa besøkstalet på 23.989 personar.

Så langt er filmen den 73. mest sette av kinoane i år. Ifølgje filmweb.no har ikkje filmen fleire framsyningar.

Det er filmregissøren Pål Øie som har laga filmen saman med Karl Johan Paulsen. Øie har fortalt at han meiner Nikolai Astrup har kome litt i skuggen av Edvard Munch og at han håpar filmen kan gjere Jøsterkunstnaren meir kjend for både noverande og framtidige generasjonar. (©NPK)