Illustrasjonsfoto: Thomas Brun/NTB scanpix.

FHI-forskar: – Koronatiltaka har negative konsekvensar for folkehelsa

Regjeringa har lagt for stor vekt på koronaviruset og for lite på konsekvensane av tiltaka, fryktar seniorforskar Bjørn Grinde i Folkehelseinstitutt.


Auka sannsyn for psykiske lidingar, kreftsjuke barn som ikkje møter opp til kontroll og rapportar om 50 prosent auke i sal av sukkervarer. Det er noko av tiltaket til den regjeringa har ført med seg, skriv TV 2.


– Bekymringa mi er at regjeringa legg for stor vekt på viruset og kva dei kan gjere for å halde det nede, og for lita vekt på konsekvensane av den strategien. Politisk sett tener dei truleg på å takle viruset. Dødstala er veldig synlege, medan konsekvensane er vanskelegare å måle, seier Grinde.


Seniorforskaren meiner det var riktig å setje i verk strenge tiltak, men meiner det er på tide å gå over til ein bremse-strategi fordi kostnaden for samfunnet blir for stor. (©NPK)