Feststund i samfunnshuset

Konserten "Vi vandrar saman i Nynorskens skog" med Stardalen mannskor, Oddvar Torsheim, Olav Stedje og orkester i Hyen samfunnshus fredag kveld blei ei herleg vandring gjennom ein skog full av skattar.



Kring 200 personar var møtte opp for å få med seg koret som for berre eitt år sidan trengde kunstig andedrett for å halde seg i live.

Akkurat det var nærast umogleg å skjøne då dei over 30 songarane stemde i med kraftig, klangfull song som berre eit mannskor i topptrim klarer.

Det verka på mange måtar som den kunstige andedretten var bytt ut med lungene til en toppidrettsutøvar, og med god draghjelp frå Torsheim, Stedje og ein svært dyktig programleiar i NRK-profilen Arve Uglum, gjekk det på skinner heilt fram til endestasjonen etter knapt halvannan time.

Dei aller fleste i salen ønskte nok at skinnegangen skulle ha vore lenger, men kunsten å avslutte i rett tid, medan publikum framleis vil ha meir, er ein kunst som ikkje skal undervurderast og som mannskoret og den røynde dirigenten Trygve Apalset meistrar til fulle.

- Vi er veldig godt nøgde. Eg synest det var ei god framsyning, og det verka som publikum sette pris på det, seier prosjektleiar Steinar Sægrov.

Det kan Sægrov og dei andre aktørane som var i aksjon vere heilt sikre på.

Det blei ei feststund i Hyen samfunnshus, ei feststund som skal gjentakast på Thon Hotel Jølster på Skei ikkje berre éin, men to gongar i ettermiddag og kveld.

Dei som ikkje har kjøpt billett enno, men som vurderer å gjere det, bør kjenne si besøkstid og sikre seg plass.

Dei vil ikkje angre.

 

Les meir i e-avisa/papiravisa tysdag.