Ferjer på strekninga Anda-Lote. (Foto: Geir Skagen)

Ferjeprisane går ned

Stortinget har vedteke å kutte ferjetakstane med 20 prosent og redusere innbetalinga på autopass-kortet med to tredelar. Samstundes kjem dei med ein krisepakke på om lag 1 milliard kroner til norsk kollektivtrafikk.

Det vart klart då Stortinget tysdag la fram ein ny krisepakke i samband med koronakrisa.

– Det er viktig for både innbyggjarane og næringslivet at vi no får ein takstreduksjon på riksvegferjene. Det blir opp til fylket sjølv å bestemme korleis dei disponerer pengane sine. Møre og Romsdal fylke gjekk med store og uventa overskot i fjor, og burde brukt noko av dette på å setje ned takstane på fylkesferjene. Fylka vil no få kompensert frå staten for dei tapte billettinntektene i kollektivtrafikken, seier finanspolitisk talsperson Sylvi Listhaug til Sunnmørsposten.

Kristin Sørheim som leier samferdselsutvalet i Møre og Romsdal opplyser til avisa at dei er innstilte på å gjere dei same grepa som Stortinget og redusere prisane på fylkeskommunale ferjesamband.

Innbetalinga til autopass-kortet blir òg redusert frå 3.600 kroner til 1.200 kroner for ein personbil, frå 14.300 kroner til 4.700 kroner for varebil og bubil og frå 27.100 kroner til 9.000 kroner for lastebil og vogntog.

Samla får norsk kollektivtrafikk ein krisepakke på 1 milliard kroner.

(©NPK)