Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug.

-Fekk informasjon i lukka møte

– Halvparten av dei som sit i formannskapet i dag vart informerte om Coop sine planar i Sandane sentrum på eit lukka formannskapsmøte i mai fjor, opplyser teknisk sjef Kjell Petter Solhaug.

Coop Nordvest har hatt fleire møte med administrasjonen i Gloppen kommune, og Beate D. Nordvik (H) er kritisk til at politikarane ikkje har fått kjennskap til Coop sine planar i Sandane sentrum.

– Ikkje halde tilbake

– Det skjer mykje på mitt kontor som eg ikkje kan seie noko om. Slik må det vere. Coop ønskte ikkje at vi skulle publisere planane. At dei politikarane som var med på det lukka møtet ikkje kan seie at dei kjende til planane, er merkeleg. Dei fekk vite absolutt alt som vi visste på dette tidspunktet. Vi har ikkje halde tilbake noko informasjon. Sidan Beate D. Nordvik ikkje var politikar i mai i fjor, burde ho ha etterspurt informasjon før ho uttaler seg på den måten, seier Solhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at politikarane fekk vite at tankane til Coop Nordvest og utkastet til områdereguleringsplan gjekk i kvar si retning.

– Frå administrasjonen si side ønskte vi å informere politikarane om at noko var på gang, og det var politikarar som kommenterte at det var positivt at nokon ønskte å utvikle Firda Billag-tomta. I eit møte med Coop i august avtalte vi at Coop skulle kome tilbake til oss, men vi har ikkje høyrt frå dei sidan, seier han.

– Ikkje veldig tydeleg

– Nye politikarar har tydeleg ikkje fått denne informasjonen. Burde rådmannen i si saksutgreiing ha teke med eit avsnitt om planane, gjerne med ein kommentar om at planane er på kollisjonskurs med planutkastet?

– Nei. Det har ingenting med områdereguleringsplanen å gjere. Utbyggjar skal fremje ein privat reguleringsplan når ein overordna områdereguleringsplan er vedteken, seier teknisk sjef.

Bjørn Aurlien viser til at planane så vidt er nemnde i saksutgreiinga.

– Som Kjell Petter seier, det har eigentleg ikkje noko i saka å gjere. Vi har likevel nemnd det – sjølv om det ikkje er veldig tydeleg for andre enn politikarar som kjenner saka, fortel han.

I utgreiinga står det: «Rådmannen er kjend med at utbyggingsplanar som bryt med grunnleggjande prinsipp som er nedfelt i føresegnene for områda har vore drøfta politisk. Rådmannen ber om at planforslaget blir vurdert opp mot kva ein fakstisk er villig til å stå fast på skal gjennomførast, slik at ikkje første byggjesteg etter planvedtak set vesentlege delar av planen til side.»

Har opne dører

Teknisk sjef viser til at det er Gloppen kommune som no skal lage ein områdereguleringsplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har laga eit planutkast basert på ei bestilling frå politikarane, og vi meiner at vi har levert på det. Vi har i alle fall ikkje høyrt at vi ikkje har gjort det, seier Solhaug.

Aurlien legg til at dørene til administrasjonen er opne, både for politikarar og andre som ønskjer meir informasjon.

– Eg for min del må seie at det skjer for sjeldan, seier han.