Brørne Per (14) og Johannes (20) Siem er overraska over kor store krefter som har råka Svidalen. Dei er klare til å rydde så snart elva roar seg.

– Fekk ikkje kontakt med familien

Raset som gjekk gjennom Svidalen og ut i Jølstravatnet ved Svidalsneset reiv med seg store massar. Bruer vart øydelagde, skog hamna på bøane og innbyggjarar vart skremde.


Blant vitna til raset var Per Siem (14) frå Svidalen. Han var på besøk hos bestemor då han såg at bilane tok til å snu på E39 ved Svidalsneset. I løpet av få minutt gjekk det frå litt vatn i vegen til oversumde bøar.

Skogen hamna på vatnet

Per Siem følgde med på vatnet frå huset. Han fortel at utviklinga gjekk svært raskt.

– Plutseleg var det fullt av vatn i vegen, og det flaut skog på Jølstravatnet. Det var ganske sjukt. Eg vart litt sjokkert fordi det skjedde så fort. Det gjekk frå å vere vanleg til å vere vatn overalt på svært kort tid. Tidleg på dagen var det sol og 20 grader, det var ei uventa vending.

Han seier at innbyggjarane i Svidalen er leie seg for det som har hendt. Staden er ikkje til å kjenne att.

– Opp gjennom vegen her er asfalten skylt vekk. Eg trur folk er ganske forvirra, det har aldri vore så gale før, fortel han.

– Ein augeopnar

Per og broren, Johannes Siem, gjekk ei runde i dalen for å sjå situasjonen. Også Johannes er overraska over hendinga.

– At det er mogeleg å skje så mykje på så kort tid, det trur eg er ein augeopnar for mange. Vi har fått sjå kor fort det kan gå gale, seier Johannes.

Han var på jobb i Førde då raset gjekk, og fekk lite informasjon om forholda heime.

– Eg fekk høyre at det hadde gått ras i Svidalen, og gjekk i minst ein time utan å få tak i nokon heime. Vi har ikkje fått informasjon nokon stad, og må finne ut av ting sjølv. Etter jobb køyrde eg til Balestrand, sov der, og køyrde vidare til Svidalen onsdag morgon. Det blei ein veldig lang tur, med mykje venting på fulle ferjer grunna omkøyring. Ferjene var stappfulle, her er det fullt kaos, seier Johannes.

Mykje opprydding i vente

Brørne ventar på at tilstandane skal roe seg, før dei kan ta fatt på oppryddinga. Dei ser enorme skadar, med øydelagde bruer og vegar.

– Bøen vår ved Jølstravatnet er heilt øydelagd. Jorda er skylt vekk og der ligg både stein og tre. Eit gamalt sagbruk er vekke, men det var allereie nedlagd. Når ein ser kva krefter som har vore i sving, er det heilt utruleg at ingen har teke skade her i Svidalen, seier Johannes Siem.

Dei er klare for å bidra til å få alt opp og gå att, når regnet gir seg og elva minkar.