Thomas Mardal. Foto: Ole Morten Mardal.

Fekk Furorestipend

Friidrettsutøvaren Thomas Mardal (19) frå Gloppen fekk laurdag 50.000 kroner stipendkroner frå Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Nils Ove Roset, leiar i Gloppen friidrettslag, delte ut prisen under middagen på treningssamlinga som gjekk av stabelen i kommunen i helga.

Thomas Mardal er ein av dei mest lovande kastarane i landet. I Junior-NM i sommar tok han gull både i diskos og slegge og sølv i kule.

I tillegg tok han U20-krinsrekorden på 100m.