Foto: Lise Åserud/Scanpix.

Feil i merkinga av brød og brødvarer igjen

Mattilsynet har vurdert merking av 209 brød og brødvarer som er i sal her i landet. Så mange som åtte av ti produkt hadde mindre eller større feil i forhold til regelverket.


Flest feil var det med ingredienslista, allergenmerking eller næringsdeklarasjonen. Bransjen set i gang tiltak for å betre situasjonen, skriv Matportalen.no.


– Dei som produserer, importerer eller sel matvarer har sjølv ansvar for å setje seg inn i og følgje regelverket. Mattilsynets kontroll av merking viser at vi finn feil i merkinga år etter år, trass i tilsynsarbeidet vårt og informering om regelverket. Dette er ikkje godt nok, og vi er skuffa over kva vi har avdekt, seier seksjonssjef Merethe Steen i Mattilsynet.


Merkesjekken 2018 vart gjennomført av Mattilsynets inspektørar over heile landet og omfatta 209 produkt. Ein fann større eller mindre avvik ved cirka 85 prosent av desse. Produkta var produsert både i og utanfor Noreg.


Dei fleste feila var knytt til ingrediensliste, allergen og næringsdeklarasjon for alle produktkategoriar. Det vart funne relativt få feil på ernærings- og helsepåstandar og nøkkelhol. Ingen av merkefeila har representert nokon helsefare for forbrukarar. (©NPK)