Gloppen Høgre meiner Jeløya-plattforma må endrast, slik at pelsdyrnæringa har ei framtid. Illustrasjonsfoto.

Feil å legge ned pelsdyrnæringa

Innlegg frå Gloppen Høgre: 

Vi i Høgre kan ikkje vere med å handsame ei næring på denne måten.

Styret i Gloppen Høgre meiner det er gjort eit urovekkande og direkte feil vedtak i utforminga av Jeløya-avtalen, at pelsdyrnæringa i Noreg skal leggast ned i 2025. Det er ikkje meir enn eitt år sidan eit fleirtal på Stortinget vedtok ei bærekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Den nye standarden skal innehalde eit nytt og strengare dyrevelferdsprogram, noko som vert ein ny modell for internasjonalt pelsdyrhald. Vedtaket for eitt år sidan har allereie utløyst større investeringar,

Når den nye regjeringsplattforma no går vekk frå denne standarden og i staden vel å legge ned ei heil næring i Noreg, flyttar ein problema ut av landet og ser vekk frå korleis pelsdyra har det. Ein konsekvens av eit slikt vedtak bør i så fall følgjast opp med forbod mot handel av pels. Korleis kan vi forby ei næring, men ikkje vara næringa produserer?

Vi i Høgre er opptekne av gode distriktsnæringar, der oppdrett av pelsdyr er ei av dei. På landsbasis omset næringa for 400-500 millionar kroner og sysselset over 500 personar. I tillegg kjem ringverknadane av næringa. På mange gardsbruk er pelsdyr noko som kjem i tillegg til mjølk og kjøtproduksjon og bidreg til å oppretthalde gardsdrifta. Næringa er og forbrukar av slakteriavfall og såleis skapar ho verdiar av avfall. All pels vert eksportert, noko som gjev gode valutainntekter til Noreg. Det er en idealistisk idé at avvikling av pelsdyrnæringa vil dempe marknadsoppbygginga i land som Kina og Russland. Noreg har eit av dei strengaste regelverk for pelsdyroppdrett i verda. Viss den norske næringa vert avvikla, vert det produsert meir pels i andre land.

I motsetnad til «fuskepels» er naturleg pels 100% nedbrytbar, og er såleis eit miljøvenleg produkt.

Gloppen Høgre krev at regjeringsplattforma vert endra på dette punktet og at næringa får ny tillit og arbeidsro til å innføre fleirtalsvedtaket frå Stortinget i fjor.

Gloppen Høgre seier JA til ei bærekraftig utvikling av pelsdyrnæringa.

 

 

Gloppen Høgre,


for styret Hans Os, leiar